Faq


Fortell di historie

SPØRSMÅL ME OFTE FÅR.

Blir etikettane alltid leverte på rull?

– Ja. Alltid.

Kva for filformat vil de ha?
– Me vil ha PDF i CMYK med minimum 1 mm utfall i forhold til stansestorleik.

Kan me bruka pantonefargar på digitaltrykk?
– Ja, bruk gjerne pantonefargar. Då er det enklare for oss få fargane til å stemma overeins når me trykkjer etikettane.

Filene mine er for store for e-post. Kva skal eg gjera?
– Både wetransfer.com og dropbox.com er lette å bruka og kan senda store filer.

Kvar finn eg liste med lagerførte storleikar og eit utval prisar?
– Me har ein priskalkulator som du finn her.

Kvifor kostar ti etikettar like mykje som tusen?
– For oss er det like mykje jobb å setja i gang ein ordre med ti etikettar som ein med tusen. To av oss som jobbar her må uansett i gang med å stilla inn to maskiner for å produsera etikettane dine.

Eg finn ikkje etikettstorleiken min på nettsida – kan de bestilla han inn?
– Ja. Me kan bestilla inn stanse i det formatet du treng.

Kan me ha fleire variantar?
– Ja, de kan ha så mange variantar de vil innanfor totalopplaget.

Kor mange etikettar er det på rullen?
– Det er opp til deg. Me tilpassar det etter ønskje, etter tal eller etter aktuell ytterdiameter.

Vil eg få eksakt like mange etikettar som eg bestilte?
– Det vil alltid vera litt variasjonar i produksjonen vår. Me må stilla inn maskinene og tilpassa knivane til etikettane. Difor skriv me alltid ut noko ekstra, slik at me er sikre på å få levert det du ønskjer. Me tek atterhald om at me kan levera og fakturera ±10 %. Viss du ikkje ønskjer dette, kan du presisera EKSAKT LEVERING når du bestiller.