Sånn lagar me etikettar

Sånn lagar me etikettar

Me synest me er smarte som trykkjer digitalt

Mange andre trykkjeri må laga dyre trykkplater før dei kan gå i gang. La oss seia at det kostar fire tusen kroner for trykkplater til ein firefargers etikett. For den prisen kan du få tusenvis av etikettar hos oss. Me berre set maskineriet i gang, og så kjem etikettane rullande på store rullar. Alltid på rullar.

Det er maskina som gjer det meste av arbeidet. Men Erik er på ein måte sjefen til maskina, så han skal ha litt av æra, han òg.

Prosessen

I gamle dagar var det ikkje så mykje å velja mellom når ein gjekk i butikken. Og etikettane på syltetøyglas, målingsspann og brusflasker var dei same, år etter år. I dag vel me mellom millionar av produkt frå tusenvis av produsentar som heile tida finn opp nye produkt og nye design. Og mangfaldet gjer at det ofte eksisterer færre eksemplar av kvart produkt. Det er her Digital Etikett kan hjelpa.

Me er gode til å trykkja små og mellomstore opplag. Sidan me trykkjer digitalt, brukar ikkje kundane våre pengar på trykkplater og ekstra fargar. Dei sender designet sitt til oss, og så skriv me ut og stansar etikettane på rull. Det går ganske raskt.

Me synest ikkje folk bør kjøpa fleire etikettar enn dei har bruk for. Hos oss kan kundane velja kor mange variantar og fargar dei vil ha etikettane sine i. Vil du for eksempel ha 5000 etikettar der 2000 av dei skal vera grøne og 3000 skal vera blå, kostar ikkje det noko meir enn å trykkja 5000 identiske etikettar.

Sjå på denne maskina. Ho er jo stor som ei campingvogn. Det er ein skrivar frå Hewlett Packard.

Sånn lagar me etikettar

Me får eit design frå deg. Så sender me det til ein gedigen skrivar frå Hewlett Packard som står her i fabrikken. Det er ei avansert og fantastisk maskin som kan skriva ut nær sagt kva som helst. Ut i andre enden kjem deretter designet ditt i så mange eksemplar du vil ha det, på rull. Sjå for deg enorme dorullar med mange, mange identiske trykk av etiketten din.

Etterpå tek me rullen med bort til ei stansemaskin. Denne er mekanisk, men også heilt ny og stor og fin. Ho kan lakkera både blankt og matt, og ho kan prega og leggja inn folieeffektar. Så stansar ho ut kvar etikett, slik at det du får, er ein rull med ferdige etikettar.

Det er eigentleg det heile. Og når prosessen er såpass enkel, er det ikkje rart at leveringstida er så kort som ho er.