Hvis du tenkjer på å bytte bort etiketten mot heiltrykt emballasje som ståposar (stand up pouches), puteposar (3-side seal pouch) eller ferdigtrykt film på rull til flowpack, kan me hjelpe deg med dette og.

Med tida håpar me å kunne flytte heile produksjonen til Noreg.

Me trykker og laminerar film opptil 760mm bredde til flowpack og ferdige posar! Og brukar kun monoplast for resirkulering i plastavafall!

Det er eit hav av moglegheiter når det kjem til heiltrykt emballasje. Ved å leggje inn bestilling på fleire variantar på same format, 
kan du nå kundane dine på ein innovativ og eksklusiv måte, utan ekstra kostnader! 

Her i Digital Etikett har me ei standard leveringstid aks 14 dagar. 
Me har ingen klisjé- og oppstartskostnader. 
Det er totalopplaget på bestillinga di som utgjer prisen, ikkje variantane. 
Me har inga minste bestillingsvolum. 


Fargen me bruker er frå HP Indigo og den er godkjend for indirekte matkontakt gjennom FDA, Swiss Ordinance og Nestlé. 
Alle våre produkt er produsert i samsvar med EU forordning NO. 2023/2006 som omhandlar god produksjonspraksis, EU forordning NO. 1935/2004 som omhandlar matkontaktmaterial og EU forordning NO. 10/2011 som omhandlar matkontaktmaterial i plast.